OM FRAMFLYT

Flyt UB

01

Flyt UB er ei ungdomsbedrift som ønskjer å inspirere unge til å sjå moglegheitene som finst i Nordfjord. Vi ønskjer å vise at ein ikkje nødvendigvis treng å flytte vekk for å skape seg ei spennande framtid, men at det finst mange moglegheiter for utdanning, arbeid og utvikling her heime.

Med Stad skipstunnel som eit viktig symbol på framtidig utvikling ønskjer vi å rette merksemda mot det sterke næringslivet i regionen og alle moglegheitene som kan opne seg i åra framover.

Gjennom Framflytkonferansen ønskjer vi å samle ungdom og næringsliv for å skape inspirasjon, engasjement og nye tankar om framtida. Målet vårt er å vise ungdom kva moglegheiter som finst i Nordfjord, og korleis dei kan bruke utdanninga og kompetansen sin til å vere med på å utvikle regionen vidare.

Visjon

02

«I enden av tunnelen er det eit hav av moglegheiter.»

Visjonen vår er inspirert av Stad skipstunnel og symboliserer at framtida byr på mange moglegheiter, også her heime i Nordfjord.

Lurer du på noko? Her får du raskt oversikt over det viktigaste.

Kven arrangerer Framflytkonferansen?

Framflytkonferansen blir arrangert av markedsføringselevane i 3STA ved Måløy vidaregåande skule. Konferansen blir drive som ei ungdomsbedrift (UB), der elevane står for alt frå planlegging og marknadsføring til gjennomføring.

Kva er målet med konferansen?

Målet er å vise ungdom i lokalmiljøet dei mange moglegheitene som finst i næringslivet i Nordfjord. Konferansen skal skape nysgjerrigheit, engasjement og ein betre forståelse for kva slags jobbar, fagfelt og karrierevegar regionen kan tilby.

Korleis starta Framflytkonferansen?

I skoleåret 2013/14 fekk lærarar og elevar idéen om å lage ei konferanse for ungdom, av ungdom. Dette passa perfekt inn i læreplanen for marknadsføring og leiing VG3. Éin lærar og 22 elevar utvikla konseptet, brainstorma namn og visjonar – og slik blei Framflytkonferansen til.

Korleis har ungdomsbedrift spelt ei rolle?

Måløy vidaregåande skule har hatt mange ungdomsbedrifter gjennom åra, særleg innan restaurant- og matfag, som har vunne prisar og delteke i NM. På studiespesialiserande har det derimot vore færre UB-ar, og det har vore utfordrande å halde oppe ein jamn drift i økonomifag. Framflytkonferansen som UB løyste mykje av dette behovet ved å gi elevane eit praktisk, ekte prosjekt å jobbe med – og har sidan vore eit sentralt pedagogisk verkemiddel på skulen.

Korleis har konferansen utvikla seg gjennom åra?

Sidan 2013/14 har kvar VG3-klasse vidareutvikla konferansen og sett sitt eige preg på ho. Elevane har laga eigne slagord, visjonar og uttrykk, og forma programmet etter kva dei meiner ungdom i regionen treng. I løpet av 11 år har Framflytkonferansen blitt arrangert kvart einaste år og har utvikla seg til ein etablert møteplass for ungdom, skule og næringsliv i Nordfjord.